onsdag 21. september 2016

Scones

Ingrediensar:


5 ss margarin ( 100 g)
5 dl grov, sammalen kveite
5 dl kveitemjøl
1/4 ts salt
5 ts bakepulver
4 dl mjølk


2 ms linfrø, solsikkefrø eller graskarkjernar til å strø på toppen.






Slik gjer du:


1. Set steikjeomnen på 225 grader.
2. Legg bakepapir på eit steikjebrett.
3. Smuldr margarinen i mjølet med hendene.
4. Ha i dei andre ingrediensane og bland godt saman med ein rørespade.
5. Del deigen i 4 delar og trill dei til store bollar.
6. Legg bollane på steikebrettet og klapp dei flate.
7. Lag eit kryss i deigen med ein kniv, men skjer ikkje heilt igjennom.
8. Bruk ein bakepensel og pensle med mjølk.
Strø frø over.
9. Steik sconesene i 10-15 min, til dei er lysebrune.

 
 
 
 
 
 







Grønsakssuppe

Ingrediensar:
2 gulrøter
1/2 purre
2 skiver kålrot
1 skive sellerirot
1 l grønsakbuljong ( 1 l vatn + 1 grønsakbuljongterning)
2 ms frisk persille ( kan sløyfast)






Slik gjer du:


1. vask og skrell grønsakene.
2. Del grønsakene i pene, små biter.
3. Kok opp grønsakbuljongen.
4. Ha i grønsakene og kok dei i 8-10 minutt, til dei er gjennomkokte. (sjekk med ein liten, skarp kniv). Grønsakene skal vera lette å skjera i.
5. Smak på suppa og tilset evt. litt salt.
6. Ha gjerne i litt hakka persille når du skal servere suppa.
7. Server grønsakssuppa med brød eller flatbrød.